søndag 6. januar 2008

CES


I desse dagar går verdas største forbrukarelektronikkmesse av stabelen i Las Vegas.

Det første produktet som vart presentert er ein boks frå SE2 Labs som har det meste av nyare teknologi innebygd. Mellom anna er det verdt å nemne Nintendo Wii, Xbox 360, forsterkarar til heimekinoanlegget ditt på opp til 260 W, iPod Dock og HD-kompatibel personleg videoopptakar (HD PVR). Dette var berre nokre av godsakene dette monstret kan by på.

torsdag 3. januar 2008

Reklamefilm til ettertanke

Det er ikkje lenge sida ein hadde nok med eit medium om gangen. Denne reklamefilmen viser korleis ei jente vert oppfatta som rablande gal for hennar framtidsvisjonar. Filmen skal forestille å vera frå midt i svart/kvitt tv-alderen. Den rivande utviklinga og samansmeltinga av mediane er noko å tenke på når ein i desse tider går rundt med eit multimediasenter av ein mobiltelefon i lomma.

onsdag 2. januar 2008

Teknologi 2008


Eit nytt år er i gang, og ein kan byrje å spekulere i kva som vil skje på konvergensfronten dei neste 363 dagane.

Nesten heile landet har no fått breibandsdekning vis telenettet. No driv både Telenor og NetCom driv å bygg ut HSDPA, eller såkalla Turbo-3G, i sine nett. Dermed kan ein surfe på mobilen i tilnærma breibandshastigheit uansett kor ein måtte vere i landet. Mange ynskjer seg nemleg internett på hytta, båten eller toget for den slags skyld. Mobilt breiband vi difor etter all sannsyn skyte fart i 2008.

Elektroniske bøker er i ferd med å bli ein slager i USA. Amazon har lansert ein eigen e-bokleser, Kindle, på den amerikanske marknaden. Då det finnes få norske bøker å få tak i elektronisk har interessa vore laber i Noreg. Horten vidaregåande skule har no eit prøveprosjekt der elevane bruker elektroniske bøker i staden for dei vanlege papirbøkene. Den dagen vanlege pensumbøker er å få tak i for studentar vil nok bøkene verte seld i bøtter og spann. Kanskje vert elektroniske bøker lansert i større grad på den norske marknaden allereie i år?

Trådlaust er ein hit for tida. Folk flest er lei av all leidningskrøllen og kjøper raskt nytt utstyr utan leidning dersom mogleiken byr seg. Trådlause skrivarar, harddiskar og headset mfl. Vil nok dukke opp.

Større breibandsdekning fører nok til at fleire vil leige film og laste ned musikk lovleg frå sofakroken. Ein vil sjå ein vekst innan denne marknaden. Kanskje veljar nokon å satse på ei elektronisk musikksamling framfor cd-plater? Nokia vil tilby nedlasting av mp3ar rett til telefonen, fleire andre leverandørar kjem antakeleg til å gjere det same.

onsdag 19. desember 2007

Video på spelkonsoll


ITavisen.no melder at det snart kan verte mogleg å laste ned filmar via playstation 3. Det er eit prøveprosjekt i Japan som sparkar i gong denne utviklinga. Det er vel ikkje usannsynleg at denne mogleiken etter kvart vil komme til Noreg òg. Frå tidlegare av har det vore Xboxen som har vært den store på marknaden når det gjeld å blande ulike medium innan spelkonsollgenren, men no får dei altså, etter alt å døme, sterk konkurranse på dette feltet.

torsdag 22. november 2007

onsdag 21. november 2007

Problem


Samansmeltinga av ulike medium er langt i frå problemfritt. Technologyreview.com meiner at internett kjem til å bli treigare med åra. Grunnen til det? tv-show, youtube og andre video aplikasjonar står for over 60% av internett-trafikken. Technologyreview.com meiner at internett består i ulike forgreiningar. Dersom belastninga aukar enda meir, noko CacheLogic har spådd, vil ein risikere at nokre forgreiningar tettar seg igjen og det oppstår ein flaskehals. Løysinga meiner dei ligg i såkalla P2P-teknologi, kjent frå fildelingsprogram som BitTorrent. Der lastar ein ned ulike element av til dømes filmen ein vil sjå frå mange lokaliteter samtidig. På denne måten kan ein unngå flaskehalsar. Kanskje piratvirksomheten mange driv med, har noko nyttig med seg likevel?

Kva blir det neste?

Kva for ei retning går utviklinga? Dette er ein multimedia jukebox frå ARCHOS og har dei fleste funksjonar. Med den kan du sjå dvd, ta bilete, surfe på nettet, høyre på musikk eller rett og slett berre sjå tv. Er det ein slik ein vi tar med oss på tur i framtida? Det negative med den er at du må ha ein Wi-Fi tilkopling for å kunne bruke alle aplikasjonene. Det fins såklart ein mengde ekstra accessories, men dei må ein kjøpe utanom.