onsdag 19. desember 2007

Video på spelkonsoll


ITavisen.no melder at det snart kan verte mogleg å laste ned filmar via playstation 3. Det er eit prøveprosjekt i Japan som sparkar i gong denne utviklinga. Det er vel ikkje usannsynleg at denne mogleiken etter kvart vil komme til Noreg òg. Frå tidlegare av har det vore Xboxen som har vært den store på marknaden når det gjeld å blande ulike medium innan spelkonsollgenren, men no får dei altså, etter alt å døme, sterk konkurranse på dette feltet.

torsdag 22. november 2007

onsdag 21. november 2007

Problem


Samansmeltinga av ulike medium er langt i frå problemfritt. Technologyreview.com meiner at internett kjem til å bli treigare med åra. Grunnen til det? tv-show, youtube og andre video aplikasjonar står for over 60% av internett-trafikken. Technologyreview.com meiner at internett består i ulike forgreiningar. Dersom belastninga aukar enda meir, noko CacheLogic har spådd, vil ein risikere at nokre forgreiningar tettar seg igjen og det oppstår ein flaskehals. Løysinga meiner dei ligg i såkalla P2P-teknologi, kjent frå fildelingsprogram som BitTorrent. Der lastar ein ned ulike element av til dømes filmen ein vil sjå frå mange lokaliteter samtidig. På denne måten kan ein unngå flaskehalsar. Kanskje piratvirksomheten mange driv med, har noko nyttig med seg likevel?

Kva blir det neste?

Kva for ei retning går utviklinga? Dette er ein multimedia jukebox frå ARCHOS og har dei fleste funksjonar. Med den kan du sjå dvd, ta bilete, surfe på nettet, høyre på musikk eller rett og slett berre sjå tv. Er det ein slik ein vi tar med oss på tur i framtida? Det negative med den er at du må ha ein Wi-Fi tilkopling for å kunne bruke alle aplikasjonene. Det fins såklart ein mengde ekstra accessories, men dei må ein kjøpe utanom.

Tidleg konvergens.

tysdag 11. september 2007

TV på veg inn i framtida?


Samansmeltinga av dei ulike mediene er i full gang. Dei fleste tv-kanalar har i dag såkalla interaktive tv-program. Det vil sei at sjåarane sjølv til ein viss grad kan bestemme kva som skal sendast på tven. Dette gjer ein med å stemme fram det ein vil sjå frå ei liste som vert presentert etter kva som er temaet i programmet. Det som koplar saman sjåar og programmet er mobilen. Det er med mobilen ein stemmer fram det ein vil sjå. Den fungerer som eit slags koplingspunkt mellom sjåaren og tven. Det fins og eit slags forum i tv-programmet der ein kan chatte med dei andre som ser på.

Det er altså telefonkontakt som er den avgjerande ingrediensen til at slike program fungerer. Med å sende SMS, MMS eller og ringe inn kan ein forme utviklinga i programmet, anten det går i gjennom automatisk gjennom eit maskin eller gjennom ein programleiar.

Det er ikkje berre Noreg som har dette konseptet. I andre land som Danmark har ein tilsvarande, men der er programma utvikla spesielt for dei yngre sjåarane. Noreg peikar seg likevel litt ut då dei interaktive tv-programma i Noreg har større spennvidde på målgruppa. Det fins forskjellig tema som dekker dei fleste aldersgrupper. Innan musikk varierer temaene gjerne innanfor pop og rock, til smalare sjiktar som dansband der den gjennomsnittlege sjåaren er over 50.

Framtida vert spanande. Mange meinar at denne typen tv-program vil ekspandere og vise klarare fram i lenger fram i tid. Eg tvilar, då dette lett kan føre til at tv-sendingane lett vil verke stakkato. Kva trur du?

onsdag 29. august 2007

Kva er mediekonvergens?


Mobilar som tar bilder, spelar musikk og har Opera internettlesar. Dei er små som fyrstikkesker og med stor lagringskapasitet. Tvar med internettilkopling, tv-kanalar ein kan chatte gjennom, eller stemme fram klipp frå eit av favorittprogrammene sine. Kraftige datamaskinar der ein kan ringe, spele spel og ”buffre” videoar på nett. Alt dette skildrar samansmeltingar av ulike media, på fagtermen kalla mediekonvergens. Denne bloggen vil drøfte og presentere ulike formar for konvergens, og sjå på visjonar om kva framtida har å by på.

Velkommen til bloggen om mediekonvergens!